Kjøsnes Feriehytter - ved Jølstravatnet.
Europas beste aurefiskevatn.


Kjøsnes feriehytter i Jølster er eit godt alternativ for deg og din familie om du er på jakt etter ei feriehytte som base for opplevingar. I tillegg til aurefiske, kan du nå både Geirangerfjorden, Sognefjorden og Nærøyfjorden - alle på UNESCO si Verdsarvliste - på ei fin dagsutflukt. Hyttene ligg solvendt til ved Jølstravatnet, har eiga badestrand, båtutleige og leikeplass. I tillegg til tre hytter av god standard, tilbyr vi Gamlestova, som ligg i gardstunet på Kjøsnes. For utleige sjå våre bookingsider.

 

Gamlestova

Fin hytte på tunet hjå eigaren. Aurefiske. Flott natur med brearmar, fjell og fosser. Sykkel- og gangvei til Skei, 2 km. Badestrand/båthavn: 400m. Nabo: 20m.

Breidablikk

Flott utsikt til Grovebreen og over Jølstravatnet. Eigen strand med båtar og grillplass kan delast.
Solrikterrasse. Badestrand og båthavn: 30 m.       

Kringsjå

Ligg ved siden av Breidablikk. Flott utsikt til Grovebreen og over Jølstravatnet. Solrik terrasse. Gode fiskemoglegheiter. Badestrand og båthavn: 30 m.